Haustmøte 2023

Haustmøte 2023

Publisert av Lilly Kristine Berland den 15.11.23. Oppdatert 21.12.23.

Haustmøte med presentasjon av årbok nr.23

 

Det tradisjonsrike haustmøte med presentasjon av ny årbok er blitt eit populært arrangement.

Leiar Odd Thunes kunne i år ønske 60 frammøtte velkommen. Den den nye filmen om Molandsvassdraget er eit flott produkt som blei omtalt og vist fram.

Ved å klikke på denne lenka kan du sjå filmen:
https://vimeo.com/mediaservice/review/838658686/b621c51436

Filmen ligg også tilgjengeleg under album på heimesida vår.

Redaktør Knut Engelskjøn presenterte den nye årboka som har artikler om Austre Moland Kirke 350 år, om Fredly 100 år, om utvikling av Austre Moland kommune frå storkommune til bydel, om gruver i Landbøskog , om Eidsvollmannen Even Thorsen mm. Knut Engelskjøn blei takka med blomster for sine 15 år som redaktør for årboka.

Det blei servert kveldsmat med smørbrød, kringle og kaker og praten gjekk lystig rundt borda. Dei fleste sikra seg den nye årboka som i år koster kr. 275,-. Styret vil reise rundt og selge boka i Austre Moland, i tillegg blir det mulig å få kjøpt den hos Søstrene Kjevik, hos Tone frisør på Nesheim og hos Odd Hesthag tlf.909 51995