Folkehøgskolen på Skjulestad 150 år

Folkehøgskolen på Skjulestad 150 år

Publisert av Lilly Kristine Berland den 02.10.23. Oppdatert 28.02.24.

Odd Thunes ønska velkommen til 150-årsjubileum for folkehøgskolen på Skjulestad, i Austre Moland kirke søndag 1. oktober. Han ga eit kort riss om ei hard tid på 1870-tallet, med åndskamp og demokratisering som etter kvart førte fram til at Norge blei ein sjølvstendig nasjon i 1905. Odd Thunes orienterte også om korleis samfunnet lokalt såg ut på den tida, med storkommunen Østre Moland som omkransa den lille byen Arendal, frå Haslestad til ytterst på Tromøya og til Ormetjern.

Arendalskoret under leiing av dirigenten Trygve Moe sette tonen med å synge Bjørnson og Grundtvig, som det blei gjort under åpningsfesten for folkehøgskolen i oktober 1873. Dei same salmane og songane blei sungne også av Arendals sangforening på 50-årsjubileet for skolen i 1923.

Jan Kløvstad har skrive boka "Gjennom hjertet til hjernen. Om Folkehøgskolen, Ivar Fløistad, Viggo Ullmann og N.F.S. Grundtvig» om dei to korte vintrane skolen klarte å halde seg i live på Skjulestad, før den blei berga ved å flytte til Landvik. Han sette skolen i samanheng med den harde kampen mellom dei nyvakte pietistane både på landsplan og i bygda, og den sterke idealismen ungdommane Viggo Ullmann (24 år gamal) og Ivar Fløistad (26 år gamal) viste både ved initiativet og ved å halde fast på folkehøgskoletanken og samfunnbygginga heile livet gjennom. Mange bygdefolk var med. Nils Voie og Gunder Moen var også elevar på skolen, og er avbilda i boka. Det blei samla inn pengar først til å innreie Kittel Olsens hus på Skjulestad, eit hus som blei rive i 1888. Og så i 1874 pengeinnsamling og aksjeteikning for å bygge eit internatbygg for både lærarar og elevar. Men motstanden var for hard. Berginga blei altså flytting først til Landvik, så rundt om i Telemark før skolen blei bufast i Seljord. Jan Kløvstad gav noen glimt frå boka, før Arendalskoret song fleire Grundtvigsalmar. Det var også helsingar frå redaktør Øyvind Krabberød i Folkehøgskoleforbundet og tidlegare rektor Lars Bjaadal ved Seljord Folkehøgskule, som er arvtakaren etter det som starta som Sørlandets første og landets femte folkehøgskole her i bygda.

Ivar Fløistad gjekk vidare til å bli både ordførar, lensmann, stortingsmann og hadde ei mengde verv i ungdomslagsrørsla, politikken, banken, landbruksorganisasjonane og andre organisasjonar. Viggo Ullmann blei ein av dei fremste leiarane i den politiske kampen for å bygge eit sjølvstendig Norge, og var blant anna den som først stilte forslag i Stortinget om allmenn stemmerett også for kvinner. Det gjorde han i 1886, og forslaget gjekk igjennom heile 27 år seinare, Likevel var Norge det tredje landet i verda, etter New Zealand og Finland med stemmerett for kvinner.  Den danske diktarpresten N.F.S. Grundtvig var omstridt i samtida, men er framleis den salmediktaren som blir sunge mest både i danske og norske kyrkjer.

Boka er gitt ut på Novus forlag, og mange nytta høvet til å sikre seg boka etter arrangementet.