Folkehøgskolen på Skjulestad 150 år

Folkehøgskolen på Skjulestad 150 år

Publisert av Lilly Kristine Berland den 16.09.23.

Folkehøgskolen på Skjulestad 150 år- Arrangement i Austre Moland kirke 1.okt. kl.13.00

1.oktober 1873 starta Nedenæs folkehøiskole på Skjulestad, etter initiativ frå Ivar Fløistad og med Viggo Ullmann som rektor. Austre Moland historielag vil gjenskape mye av stemninga frå åpningsdagen og den spennande historia med åndskamp og framtidstru frå denne nyskapande skolen.

Arendalskoret syng dei same salmane og songane, på dagen 150 år etterpå. Jan Kløvstad gir ut boka «Gjennom hjertet til hjernen. Om folkehøgskolen, Viggo Ullmann, Ivar Fløistad og N.F.S. Grundtvig». Han vil fortelle om skolen, bygda, den harde kampen mellom grundtvigianarane og pietistane, og korleis det gjekk med skolen og elevane der. Fleire av elevane blei ordførarar i kommunane rundt oss, noen også stortingsrepresentantar. Det blir korte innlegg både frå Folkehøgskoleforbundet og frå Seljord folkehøgskule. Folkehøgskolen i Seljord starta faktisk på Skjulestad! Boka blir gitt ut av Novus forlag, og det er mogleg å kjøpe boka under arrangementet.

Ope arrangementet.  Austre Moland Historielag ønskjer velkommen!