Lørdag 7.juni inviterte Austre Moland Historielag til sykkeltur. 28 deltakere møtte på jernbanestasjonen i Arendal. Dei fleste syklene blei transportert med lastebil til Nelaug av Jens Tveite. På togturen holdt Rune Vindholmen eit interessant foredrag om Nelaugbanens venner og Nelaugbanen, Frå Nelaug sykla gjengen til Hushovd der familien Kalaoja kom frå. Her orienterte Einar Kalaoja om plassen og kona Liv Torunn stilte med kaffi og kanelsnurrer. Vidare gjekk sykkelturen til Bøylefoss der det blei omvisning på kraftstasjonen og på museet. På neste stopp som var Gloserheia gruve orienterte Nils Brekka om gruva som var i drift frå 1881 til 1986. Gruva leverte ein sjeldent rein kvarts og ein av kundane var Arendal Smelteverk på Eydehavn. Frå Gloserheia gjekk turen tilbake til Arendal. Sykkelturen var velorganisert og ei stor takk til Grete og Nils Brekka som sto for opplegget.

Rapport frå sykkeltur 7.juni 2025
Publisert av Lilly Kristine Berland den 11.06.25.



