Vandretur i nedre del av Myra 21.mai

Publisert av Lilly Kristine Berland den 23.05.25.

Været var ikkje det beste denne kvelden, men 30 personer fekk med seg ein innhaldsrik tur. Theis Theisen og Inge Myhren fortalde historier om dei ulike stadene og gårdene undervegs. Turen starta forbi Råna gården ( Filadelfiabygget) , langs Langsævannet og deretter over Rånakanalen til Eidet. På Holmen fortalde Theis Theisen om plassen og dei som hadde eigd plassen opp gjennom tidene. Vidare gjekk turen inn på Gunhildsboveien( “gamle Myraveien”) til Eiga ( Ei stor eik i vegkanten). Eiga var i tidlegare tider ein samligsplass for ungdom. Inge Myhren orienterte om Gunhildsbo og Fjellmannsveien som vi fulgte videre forbi Gunnhildsbo. På ein av Gunhildsbo-gårdene står eit innhus frå 1640-talet som er restaurert i gamal stil. På 1640-talet kjøpte danske kongen Christian Quart opp Gunnhildsbo og andre gårder i området for å drive gruvedrift. Den planlagte gruvedrifta blei det ikkje noko av. Tilbaketuren gjekk langs NAV-bygget ,ut  på gangvegen og tilbake til parkeringsplassen der guidene og Lars Jonny Bringsverd blei takka med blomster for eit flott turopplegg.