Nydeleg vær og nyrydda på Kirkehaugen var ramma for 80 års markering for frigjeringa 8.mai. Over 50 personar stilte opp på Kirkehaugen denne dagen for å minnast dei falne. Sogneprest Simen Heggelund Knutsen heldt tale til minne om krigsseilerane. Det var modige menn og kvinner, det var dei som frakta livsnødvendige forsyningar over Atlanterhavet. Det var dei som heldt allierte troppar gåande. Sognepresten avslutta talen med å takke krigsseilerane for motet, takka for utholdenheten og takka for at dei bar ansvaret, aleine på havet og for alle oss på land.
Anders Aaberg las opp navn og alder på dei falne frå Austre Moland og det blei lagt ned ei rose for kvar av dei. Som tidlegare år blei nasjonalsongen og fedrelandssalmen sunge med tonar frå Øystein Krogstad og Leif Ove Tverrmyr. Eit fint arrangement, stødig leia av Anders Aaberg.