Mange , ca 45 stk. i talet, hadde funne vegen til årsmøte denne kvelden på Dalen Misjonshus. Leiar Odd Thunes ønska velkommen og introduserte foredrgshalder Helle Urfjell Lofstad, som er utdannet kulturhistoriker. Helle heldt eit innhaldsrikt foredrag om Sam Eyde, hans oppvekst og hans grynderskap. Sam Eyde hadde eit stort nettverk, kjøpte opp fossefall, var med å etablere Arendal Fossekompani på Bøylestad, Norsk Hydro på Notodden /Rjukan og fabrikk i Tyssedal. På Eydehavn var han med å bygge opp Smelteverket som produserte slipestoff og aluminiumsproduksjonen på Nitriden, begge etablert med kraft frå Bøylestad. Dette var eit særs interessant foredrag og Helle blei takka med blomster.
Etter dette starte sjølve årsmøte og leiar Odd styrte årsmøte på ein ryddig måte som alltid. Årsmelding og regnskapet synte stor aktivitet dette året. Eit av høgdepunkta var lokalhistorisk dag på Heimtun 14. sept.saman med bygdekvinnelaget. Dei som var på val i styret sa ja til gjenval og det sitjande styret fortset. Lars Jonny Bringsverd hadde bedt om avløsning som varamedlem til styret og ny varamedlem Erik Noddeland blei valgt.
Etter årsmøte blei det servert påsmurte skiver, kringle og kaffi.
Anne Ma Nyerrød og Anders Aaberg styrte lotteriet for kvelden og 800 lodd blei seldt. Vi takkar dei som sponsa oss med gevinster. Fruktkorg frå Rema 1000 i Torsbudalen , egg frå Søstrene Kjevik og Espen Brømnes.