7. juni blei det rydda på ein gammel tursti til Hattåsen. Dugnadsgjengen besto av Grete og Nils Brekka, Anders Åberg , Olav Lillevåje og Lilly Berland.
Hattåsen ved Lillevåje 147 moh
Sti til Hattåsen er nå rydda og det vil bli satt opp skilt/merking etterkvart. Stien starter i botnen av Våjekleivene. Kjem du frå Arendal parkerar du på venstre side av gamle E18, 100 m før fotoboksen. Alternativt kan du kjøre til krysset mot Strengereid og kjøre 200 m tilbake for parkering. Der du parkerer sto det tidlegare eit bustadhus som Gunda og Normann Hope eigde. I kjellaren i dette huset dreiv Olaf Goderstad butikk frå 1949 -1955.Huset blei rive då Vegvesenet bygde gang- og sykkelveg i området.
Turen til Hattåsen følgjer sti dei første 300 meter, deretter på traktorveg vidare. Etter nokre hundre meter tek du mot venstre opp ein bratt bakke. På veg mot toppen går stien forbi ei lita gruve der det blei tatt ut mindre mengder kvarts på 1950-1960 tallet. Det er god stigning heile vegen så varme er ikkje noko problem. På toppen flatar stien ut, og du går eit par hundre meter sørover før du er på toppen. Her er det fin utsikt mot Molandsvannet og mot Brekka.