Tilskuddsmidler 2024

Publisert av Lilly Kristine Berland den 24.11.24.

Vi fekk i 2024 eit tilskudd på kr. 30 000 frå Agder fylkeskommune til innhenting av informasjon (metadata ) om historisk bilder og til publisering av bildene på Agderbilder.no  Midlene var frå «potten» mindre kulturtiltak 2024 og er eit ledd i strategien for digital bevaring og formidling av kulturarv.

Bilder frå dei 5 gamle skolekretsene i Austre Moland er gjennom ei årrekke blitt samla inn og arkivert i permer og scannet. Til dei ulike bildene fulgte det lite informasjon.

Permene er gjennomgått og vi har plukka ut dei bildene som har historisk verdi. Tilsaman var det samla inn 2181 bilder, og av dei 2181 bildene er det plukka ut 1045 bilder som er vurdert å ha historisk verdi og desse er nå publisert på Agderbilder. Det er eit omfattande arbeid å innhente historier, navn, årstal og informasjon knytta til bildene.

Tilskuddsmidlene har vore til stor hjelp for å få satt av tid til å innhente og kvalitetssikra informasjon om bildene.

Bildene finn du ved å klikke på:  www.Agderbilder.no

I nærmaste framtid vil det bli lagt inn fleire bilder frå Lona skolekrets og Karterød skolekrets.

 Vi har hatt god hjelp av HanneIe Fors ved Aust- Agder Museum og arkiv for å publisere bildene.

 

17.mai feiring på Sagene 1943

Fra høyre i bildet: Tore Henry Johannessen, Åge Christensen, Elna Johannessen, Halvor Sogn, Arne Christensen,Erling Johannessen, Inger Jihanne Sogn, Elna Christensen, Olav Magne Knutsen, Synnøve Christensen, Reidar Sogn ,Terese Bjørnshage, Anna Christensen,ukjent ,ukjent, Randi Larsen f. Johansen 1912-2007, Alvhilde Fløystad