Minnemarkering på Kirkehaugen 8.mai

Minnemarkering på Kirkehaugen 8.mai

I år kunne leiar Odd Thunes ønske forsamlinga velkommen til minnemarkering på Kirkehaugen med nye benker satt opp av historielaget.Ca 30 i talet hadde møtt fram.To vers av nasjonalsongen " Ja vi elsker" blei sunge med god hjelp av musikantene Leif Ove Tverrmyr og Øystein Krogstad. Gerald Ottersland og Ole Skjævestad sto med det norske flagg ved minnebautaen. Nils Åge Vikingsdal heldt minnetale og minna oss om at frihet er ingen selvfølge. I sin tale fortalte Nils Åge at dei unge gutane som falt under krigen vaks opp under trange tider i Norge . Dei var nøgd når dei fekk hyre i sjøfarten. Lite visste dei kva som venta på slutten av 30-åra , med den spente situasjonen i Europa og 2. verdenskrig som starta. Våre lokale gutar gjorde ein god jobb som er vanskeleg å verdsette høgt nok. Norske tank- og lasteskip spelte ei nøkkelrolle i dei allierte sin motstandskamp. Gutane stilte på sin post og mønstra ikkje av når farane trua, Dei blir årleg hedra ved minnesteinen, ein stein som unge gutar frå bygda i 1947 fekk frakta ned frå Siring og montert på Kirkehaugen. Navna på dei falne under 1. og 2. verdenskrig er oppført på minneplate montert på steinen.  Odd Thunes leste opp navna på dei falne, Grete Vestøl Brekka og Anne Ma Nyerrød la ned ei rose for kvar av dei falne. Samlinga på Kirkehaugen vart avslutta med fedrelandssalmen, "Gud signe vårt dyre fedreland".