Lokalhistorisk dag Heimtun 26.aug.

Lokalhistorisk dag Heimtun 26.aug.

Publisert av Lilly Kristine Berland den 27.08.23.

I duft av nysteikt brød og nykokt skaukaffi kunne leiar Odd Thunes ønskje velkommen til lokalhistorisk dag på Heimtun. Ca.100 personer hadde møtt fram.

Bård Frydenlund frå Eidsvoll 1814 heldt eit interessant foredrag om val av representantar til riksforsamling 1814, om arbeidet med Noregs grunnlov og om Even Thorsen.

Even Thorsen blei født på Sagene og vaks opp på småbruket Bjornes. Han reiste tidleg til sjøs som matros, blei tatt til fange under Napoleonskrigene og satt i krigsfangenskap frå 1807-1810. Seinere var han i orlogstjeneste fram til han i 1814 blei valgt til riksforsamlinga som representant frå matrosar og underoffiserar. Han var den einaste i riksforsamlinga som ikkje var skrivefør, og måtte underteikne grunnlova med «påholden penn», men han var nok blant dei få i riksforsamlinga som kunne engelsk. Etter at riksforsamlinga vart oppløyst, var han tilbake i marinen og seinare slo han seg ned som gardbruker i Flosta. Han døyde 26.aug 1867, blei begravd ved Flosta kyrkje. I 1904 blei det reist ein bautastein over han ved kyrkja.

Bård Frydenlund frå  Eidsvoll 1814 og Randi Fløystad Vestvik som eig eigedommen på Sagene der Even Thorsen var født, sto for avdukinga av minneplakett  om Even Thorsen.

Etter dette var det lansering av den nye filmen om Molandsvassdraget som Austre Moland Historielag og Stokken Historielag står bak. Ein særs flott og innhaldsrik film.

Ute på tunet blei det servert nysteikt bakerovnsbrød med smør, sukker og sirup på, nysteikt  søsterkake og skaukaffi. Folk kunne og kjøpe nysteikt brød med seg heim. Moland Bygdekvinnelag sto for brødbakinga og serveringa, noko som vart særs vellukka.

Været var på godlag og folk kosa seg i finværet.

På slutten av arrangementet gjekk turen til Kjærhølen og rusletur derfrå til Sagene Mølle. Sigurd Ledaal fortalde om dei ulike stadene langs vassdraget, om Stemmen, Ålekaret , Otterslands sag, Stampevollen, tømmerrenna og ei interessant omvisning  på Sagene Mølle. Dagen blei avslutta med rusletur tilbake til Kjærhølen.