Krigsårene 1940 - 1945

Krigsårene 1940 - 1945

Publisert av Lilly Kristine Berland den 17.10.22.

Historielaget ønsker bilder og minner fra krigsårene 1940 - 1945.

Delar av redaksjonsnemnda i arbeid. Frå venstre Jan Kløvstad, Kirsten Noddeland, Knut Engelskjøn, Gunnar Danielsen og Sigurd Ledaal.
 
Austre Moland historielag er på jakt etter foto, utklipp, gjenstandar og historier frå krigsåra 1940-1945 i bygda. 8. mai er det 75 år sidan freden kom. Historielaget ga ut heftet Krigsår og frigjøring. Austre Moland 1940-1945 ved 50-årsjubileet i 1995. Sidan har laget gitt ut lokalhistoriske årbøker kvart år sidan 2000, og har samla mykje materiale også om krigsåra. Likevel er det grunn til å tru at mange i bygda sit med verdfullt stoff som kan vere med å bidra til at det blir ei grundig og viktig bok som blir lansert 7. mai. Den komande boka vil innehalde artiklar og bilde både frå Myra og Austre Moland. Ta gjerne kontakt med Knut Engelskjøn (92454408) eller Sigurd Ledaal (90921770) i redaksjonsnemnda om bilde og historier.
 
Tekst: Jan Kløvstad Foto: Alf M. Venemyr