Historisk sykkeltur til Bøylestadgruvene 4.juni

Historisk sykkeltur til Bøylestadgruvene 4.juni

Publisert av Lilly Kristine Berland den 06.06.23.

I flott sommarvær møtte 25 syklister opp til historisk sykkeltur ved Nidarhall i Froland. Grete Brekka ønska velkommen, orienterte om opplegget og introdusert kjentmann Jonny Østreim frå Froland. Sykkelturen gjekk frå Mjølhusmoen til Froland Kyrkje og vidare til Eivindstad og Eivindstad kraftverk. Eit lite stopp ved Vassmoen på Eivindstad med orientering om at det var her Birkeland og Eyde hadde forsøksverksemd for å framstille nitrogen (Salpeter) i 1906- 1907. Dette blei seinare starten på Norsk Hydro eventyret.

Vidare gjekk turen til Valle der det før brua blei bygd, var ferjestad for frakt av folk og fe over elva.

Frå Valle kunne vi sjå den siste husmannsplassen som blei rydda i Froland, Berjemoen husmannsplass og dei flotte Bøylestadgardane på andre sida av elva. Herfrå sykla vi brua over elva, forbi Bøylestadgardane og opp til kobberguvene på Bøylestad. Ved gruvene blei det matpause og orientering om gruvedrifta.

Her var gruvedrift frå 1864 – 1882. Det fyrste tida var det Smith og Thommesen som eigde gruva og det var opptil 100 mann i arbeid. Gruva ble i 1878 seldt til ein engelskmann. Det var han som i 1879 sørga for at det blei bygd ein 4 km lang jernbanetrasee for å frakte malmen. Jernbanelinja gjekk frå gruvene og til Nedre Espeland Brygge. Lokomotivet heitte Lilly og kunne dra opptil 50 vogner med malm. Frå Nedre Espeland Brygge blei malmen frakta vidare med båt til kobberverket på Osevollen.

Ved Solheimsvannet på veg mot Espeland ligg Skyttermyr-gruvene der det og blei tatt ut betydeleg mengder kobber. Her var mange små gruver og stor aktivitet frå 1867 -1882. Det blei bygd opp eit heilt samfunn med bustader, handelshus, knuse -og vaskeverk. På det meste var det oppmot 100 arbeidarar i jobb her.

Sykkelturen gjekk frå Espeland brygge via Hurv, til Blakstad og blei avslutta med ein rast på Osevollen der kobberverket heldt til. Her kunne vi sjå slagghaugar med restar frå rensing av kobbermalmen. Jonny Østreim sørga for at vi denne dagen fekk ei flott historisk reise om kobbereventyret i Froland.

Tusen takk!