Det populære haustmøte med boklansering på Dalen Misjonshus blei godt besøk i år også, med 90 frammøtte.
Historikaren Gunnar Molden heldt eit interessant foredrag om stortyven Einar Einarsen som var født i Austre Moland i 1853. Han var i forpleining som liten/ ung og hadde ein tøff oppvekst. Kort tid etter konfirmasjonen starta han med tjuverier, blei dømt for mange vinningsforbrytelser og gjekk ut og inn av fengsel ulike stader. I 15 år var han i USA, blei gift i New York og skifta navn til Johan Anderson. I 1889 kom han tilbake og han dukka opp i avisene nemt som «Osetyven» etter tyveri på gården Ose i Setesdal. I Agderposten 29.mars 1894 sto det at Einar Einarsen hadde «gjæstet sin Fødebygd i Østre Moland».Det ble opplyst at han hadde banket på hos lensmannen, for så å sette til skogs igjen.
Leiar i bokkomiteen Jan Kløvstad presenterte dei ulike artiklane og forfattere i årboka « Dei gav oss ein arv». Forfattere som var tilstades fekk ei bok som takk. Ei fyldig og innhaldsrik årbok nok ein gong og dei fleste frammøtte benytta sjansen til å kjøpe boka. Tidlegare redaktør og æresmedlem Knut Engelskjøn blei overrakt blomster som ei forsinka 85 års helsing og takka med å spele ein munnharpeslått.
Det blei servert smørbrød, kringle og eplekake, og loddsalget innbrakte 12 000 kr.
Erik Noddeland leia kvelden på ein framifrå måte.

Historiker Gunnar Molden

Om stortyven Einar Einarsen
Jan Kløvstad presenterer årboka
Erik Noddeland overrekker blomster til Knut Engelskjøn

Salget av årboka gjekk godt