I strålende vær møtte 42 personer opp til historielaget sin årleg busstur. I år gjekk turen til Byglandsfjord og tur med dampbåten Bjoren. På rasteplass i Hynnekleiv blei det servering av kaffi og nydelege kanelboller laga av Ingeborg og Grete.
På stasjonsområdet i Byglandsfjord blei vi møtt av Torgeir Moseid, leiar i Agder historielag. Han fortalde om livet i Setesdal før jernbanen kom og før dampbåten Bjoren gjekk på Byglandsfjorden. Då tok det 4 veker å koma seg til Kristiansand, med hest og kjerre og båt på Otra frå Mosby og til byen.
I 1866 blei det etablert nikkelverk på Flatebygd og jernbane til Kristiansand blei aktualisert. Den kjente stortingsmann Jørgen Løvland klarte å skaffe 3,5 millioner i bevilgning til banen. Den 78,3 kilometer lange Setesdalsbanen fra Kristiansand til Byglandsfjord blei vedtatt bygd i 1890. Setesdalsbanen skulle vise seg å bli NSB sin siste smalsporbane. Banen blei åpna til Byglandsfjord i 1896, og herfrå var det allereie siden 1867 etablert forbindelse videre med dampbåtane DS Bjoren og DS Dølen. Ved å kombinere jernbane og båt, greide ein å “opne” den innestengte Setesdalen. Banen blei bygd for å frakte dalens produkter; tømmer, stav, props og ved.
Vi fekk omvisning på stasjonsområdet og Moseid fortalde levande om korleis stasjonsområdet og Byglandsfjord utvikla seg med rette gater etter at jernbanen kom. Olav Abusland bygde butikk og hotellet Breidablikk, det kom skysstasjon og seinare blei sagbruk bygd.
Det var godt samarbeid mellom Setesdalsbanen og båten Bjoren som frakta varer, folk og fe gjennom Setesdalen. I 1929 blei Setesdal Bilruter etablert og det kom veg rundt Fånefjell. Dette blei etterkvart ein konkurrent til Bjoren og jernbanen. Bjoren slutta med rutetrafikk i 1959 og Setesdalsbanen blei avvikla i1962.Ein liten bit av Setesdalsbanen frå Grovane til Røykenes, ein strekning på 5-6 km er tatt vare på og er i museumsdrift i sommarhalvåret. Dampbåten Bjoren blei sett på land og heldt på å forfalle, men blei redda og restaurert på 1980-talet. I 1994 blei det sjøsatt igjen og går no i trafikk i sommarmånadene på Byglandsfjorden. Båten har blitt skøyta og forlenga to gonger.
Frå Byglandsfjord stasjon gjekk turen vår til Refsnes Hotel det vi fekk servert nydeleg lunsjbuffet.
Vidare blei det busstur til Bygland der vi gjekk om bord i dampbåten Bjoren for tur på Byglandsfjorden, ned til Fånefjell og attende. Knut Haugetveit og Svein Kleivane orienterte om bord på båten, om Bygland og grendene vi passerte, om flystyrt under krigen, om ferdselsveg over Fånefjell og om bygging av bilvegen på utsida av Fånefjell.
Attende på Bygland Brygge sto bussen klar til å frakte oss heim etter ein innhaldsrik tur, leia av Anders Aaberg på ein framifrå måte.








