Historisk sykkeltur Treungen til Åmli 7.juni 2026

Publisert av Lilly Kristine Berland den 08.06.26.

Søndag 7.juni inviterte Austre Moland Historielag til historisk sykkeltur frå Treungen til Åmli. 38 deltakere møtte på Heimtun, der buss og lastebil med kontainer for sykkelfrakt sto klar. Jens Tveite sto for transport av sykler og Jørgen Paulsen sørga for trygg busstransport av oss deltakere. På bussturen oppover orienterte Nils Brekka om opplegget for sykkelturen, som i hovudsak går på trasseen til Treungenbanen. Treungenbanen eller Tveitsundbanen som den heitte når den vart åpna i 1913, var viktig for transport av jernmalm frå Søftestadgruver i Nissedal og for transport av tømmer, transport anna gods og transport av folk. I 1965 blei gruvedrifta i Søftestad gruver lagt ned, behovet for malmtransport opphørte og i 1967 blei Treungenbanen lagt ned.

Framme i Treungen blei vi tatt imot av museumseier og driver på Z-museumet, Johan Ziener Thronsen som tok oss med på ei fantastisk flott guida omvisning på Museet der det er samla ei mengd gamle gjenstander. Vi fekk sjå ei av dei størst Walt Disney samlinger, gamle leiker, tepper, symaskiner, veteranbiler, mopeder, motorsykler, sykler, klokker med Tsarens gullur, kniver, telefonapparat, sætrekjeks som hadde vært på sydpolekspedisjon med Roald Amundsen, håndlagde dukkehus av Ruth Wesenlund og mykje meir. Omvisninga enda opp i kafeen der vi kunne kjøpe kaffi og vafler. John Bernhard Johnsen var besøkende nr. 89000 siden oppstart av museet i 2012, og fekk ei flaske vin av museumseieren.

Sykkelturen starta frå Z-museet, på flott grusveg og lett trase`. Nils kjørte heile tida framme i feltet og styrte stoppene, og Grete bak i feltet og sørga for at alle blei med. Første matstopp var på svafjellene ved Tjønnefoss kraftstasjon / Tjønnefoss. Deretter gjekk turen videre til Tjørullkroa der dei som ville, kunne avslutte sykkelturen og få buss-skyss videre. Undervegs passerte vi flotte bru-kar og vanntårn, som var bygd i samband med jernbanen. Neste stopp var ved Øy i Åmli, ved fylkesgrensa mellom Telemark og Agder. Her var det også høve til å avslutte sykkelturen for dei som ønska det. Vidare gjekk turen til Gjøvdalskrysset der det var ny oppsamling av alle deltakerne. Neste etappe gjekk innover Gjøvdalsvegen med nytt gildt matstopp ved elva Gjøv. Siste etappe gjekk på vestsida av Nidelva ned mot Åmli- sentrum. Vi var framme ved Åmli stasjon ved 17-tida etter 36 km på sykkelsetet. Her sto buss og lastebil med sykkelcontainer klar for å frakte oss heim. Vi hadde godt vær på turen, god temperatur og folk var på godt lag.

Sykkelturen var velorganisert, med buss og sykkeltransport, og ei stor takk til Grete og Nils Brekka som sto for opplegget.