Tur til Uglebo 12.mai 2026

Publisert av Lilly Kristine Berland den 15.05.26.

Omlag 40 personer møtte opp til vandreturen med start frå sykkelbanen i Myra.

Leiar Erik Noddeland orienterte om opplegget og introduserte Lars Jonny Bringsverd som skulle guide oss på turen. Første stopp var ved 300 meters hold for Ugland Skytebane og med ei orientering om skytebanen som var i bruk fram til utpå 1980-tallet. Ikkje langt frå Uglebotoppen stoppa vi ved eit svafjell som opprinneleg var ein gamal danseplass. Her hadde Ungdomslaget i Myra dansetilstelninger i gamal tid og den kjente spelmannen Nils Viga spelte til dans her.

På Ugleboknuten blei det kaffipausse og tid til ein god prat. Her er god utsikt til deler av Arendal by og til gården Borås som er ein av dei eldste gårdene i Myra. Mange av eiendommen i Myra har gått ut frå denne eigedommen. Like nedenfor toppen av Ugleboknuten var toppen av slalåmbakken som var mykje brukt på 1950 -1970 tallet og bakken hadde hadde til og med flomlys. Målgang var nede ved Uglebogårdene. Den kjente slalåmkjører Laila Schou Nilsen hadde deltatt her og sjølsagt vunnet rennet.

Ved sida av toppen på slalåmbakken er det også eit gamalt bjørnehi som vi fekk sjå og høyra historien til.

Turen blei avslutta ved Uglebogården der Odd Karsten Larsen og Lars Jonny Bringsverd fortalde om gården Uglebo som hadde vert bebodd sidan 1668, og bygget vi stoppa ved var bygd i 1856. Dei fortalde også historier om kvinna Sigrid Borås (1891-1980) som budde på Storemyr ved Ugleboknuten, ein i liten bu- plass i skogen utan strøm og innlagt vann. Takk til Lars Jonny Bringsverd m/ fleire for ein intersann tur.