Ein nyrydda Kirkehaug med utsikt til Molandsvannet og fint vårvær var ramma for årets 8.mai markering. Leiar Erik Noddeland kunne ønska velkommen til ei forsamling på omlag 60 personer.
Taler for dagen var Turid Noddeland Nygård. Ho heldt ein fantastisk tale der ho starta med dei modige unge guttene frå bygda og aprildagen i1940 då vi blei okkupert. Guttene gjekk frå eit vanleg liv i bygda, til eit liv prega av krig, fare og utrygghet. Dei visste at det dei gjorde kunne få konsekvenser, likevel valgte dei å stå opp for Norge og bidra til fred i landet vårt. Då freden kom 8.mai i 1945 blei det ei heilt spesiell stemning i bygda fortalte Turid og refererte til sine foreldre. Flagg som var gøymd bort i 5 år blei henta fram igjen, folk løp ut av husa, stillheten blei brutt av stemmer, latter og gledesgråt. Men ikkje alle kom heim etter krigen, og fleire familier i bygda mista sine kjære. På bautaene minnes vi dei unge guttene, som så altfor tidleg gjekk bort etter å ha ofra sitt liv for vår frihet. Og frihet er ikkje noe vi kan ta for gitt, den må tas vare på av kvar generasjon, avslutta Turid sin tale med.
Oddveig Sannes og Ågot Seldal la ned roser ved bautaen på vegne av dei pårørende, ei rose for kvar av dei falne guttene.
Som ved tidlegare arrangement blei nasjonalsangen og fedrelandssalmen sunge til musikk frå Torstein Langerød og Leif Ove Tverrmyr .



