Høstmøte 2025

Publisert av Lilly Kristine Berland den 04.11.25.

Høstmøte med boklansering har blitt eit populært arrangement og i år møtte det over 90 personer på Dalen misjonshus. Leiar Odd Thunes ønska velkommen og prensenterte programmet for kvelden.

Historikar Egil Fiane fortalde om vald, drap, og andre lovbrudd som hadde skjedd på gardar i  Østre Moland på 1600-talet. Dette hadde han funne i sakefaldsregisteret frå 1602. Avstraffing med offentleg skrifting i kyrkja, kakstryking, halshugging og bøter i ant. riksdaler varierte etter type lovbrudd. Han fortalde også om hekseprosessar, trolldom og segner frå denne tida.

Jan Kløvstad presenterte årboka 2025 på ein framifrå måte og forfattarane fekk kvar si bok.

Årets bok inneheld artiklar om utflyttarar frå Syrdalen som slo seg opp som forretningsfolk i Arendal, om det populære orkesteret Golden Rocket, om søstrene Anette, Hedvig og Silje Bjelkevik som var Norges beste søskenflokk på skøyter, diktaren Olaf Pedersen på Bjorendal, flystyrtet i Bråstadskogen vinteren 1945 og mykje meir om stort og smått i fjern og nær fortid.

I pausen blei det servering, salg av årets bok og loddsal.  Pengane satt laust og det  blei seldt lodder for 12000,-.