Tirsdag 23. sept. samla Historielaget og fleire frå Menigheten seg til dugnad for å rydde på Kirkehaugen. Ein effektiv gjeng på 15 stk. satte i gang med hogst, rydding og flising av kvist, og i løpet av 2-3 timar var mykje gjort. No kan du sjå Molandsvannet frå toppen av Kirkehaugen, og det meste av Kirkehaugen framstår no som ryddig. Det gjenstår ein del mot Kirkebrygga og det blei avtalt å møtast til ny dugnad 21.okt. Som avslutning på dugnaden stilte Grete Brekka med kringle og Ingeborg E. Dale stilte med kaffi. Takk til alle som var med og gjorde jobben!

Rydding på Kirkehaugen 23. sept
Publisert av Lilly Kristine Berland den 28.09.25.

