Referat tur til Sjølingstad Uldvarefabrikk 18.sept

Publisert av Lilly Kristine Berland den 24.09.25.

Turleiar Anders Aaberg kunne ønskje 34 deltakere velkommen på bussen. Etter eit lite luftestopp ved avkjøringa frå nye E18 ved Mandal, kom vi fram til Uldvarefabrikken. Her blei vi tatt imot av 2 guider, som gav ei lita orientering og deretter blei vi delt i 2 grupper for omvisning i fabrikken. Guidene tok oss med på ei reise gjennom heile produksjonen, frå vasking av ull til ferdige ulltepper. Det var utruleg mange maskiner og prosesser som måtte til for å få eit ferdig teppe.  Maskiner frå tida med full produksjon, er tatt vare på og fleire er i bruk. Vi fekk sjå ei maskin som spant nålefilt samt ei vevemaskin med «hullkortmønster» som produserte det kjente teppe med «fuglemønsteret». Vevemaskiner frå gamal tid sto på rekke og rad i produksjonslokalene. Omvisninga endte opp i museumsbutikken /kafeen der vi fekk servert kaffi og vafler. Fleire benytta sjansen til å kjøpe garn og tepper.

Det var ordinær drift på fabrikken i 90 år frå 1894 til 1984. Kraftverket i elva ved, var grunnlaget for etablering av fabrikken på nettopp Sjølingstad. Rundt fabrikken vaks det fram ein liten tettstad med arbeiderbustader, skule, butikk og poståpneri. På det meste jobba det 90 personer på fabrikken. I dag er fabrikken ein levande museumsfabrikk med produksjon av ullstoffer og garn på gamle måten og 12 ansatte. Ullvarene blir seld i museumsbutikken.  Vest-Agder museet overtok fabrikken i 2006 og driv den pr. i dag som ein del av si verksemd.

Etter besøk på fabrikken, hadde vi eit lunsjstopp i Mandal samt tid til ein rusletur i byen. Stemninga på bussturen heim var god, og folk var godt fornøgd med turen.