Tirsdag 16. sept. blei det satt opp turstiskilt til Røyerfjell ved Woie. Eivind Dale har laga dei flotte skilta. Nils og Grete Brekka har montert skilta og stilte med traktor for å frakte skilta. Ingeborg E. Dale og Lilly Berland var med og sørga for at skilta kom på rett plass.
Turstien startar ved Frydelund mellom Woie og Noddeland , og er ca. 5 km tur-retur. Det er råd å parkere ved storfjøset på Woie. Du kan gå turen fram og tilbake samme veg, men det er og mulig å gå ei rundløype som er skilta. (Her kan det vere litt bløtt).
I beitesesongen kan du treffe på kyr, men gå roleg forbi dei. Dyra er snille, men kan vera nyskjerrige. Eit lite stykke før toppen er den finaste utsikta, men toppen på 173 moh bør du få med deg. Historielaget har fått turstimidler frå Sparebanken Sør til å rydde og skilte turstien.