Tur til Frisøya 11.mai 2023

Tur til Frisøya 11.mai 2023

Publisert av Lilly Kristine Berland den 12.05.23.

Turen til Friisøya var i samarbeid med Stokken Historielag. Båtskyss frå kommunebrygga i Bekkevika gjekk raskt unna ved hjelp av 3-4 skyssbåtar. Odd Thunes ønska velkommen til ein flokk på ca. 40 frammøtte.  Primus motor i Friisøyas venner og leiar i Stokken historielag Per Edvard Andersen synte  oss rundt på den 190 daa store øya som ligg mellom Eydehavn og Tromøy

Friisøya er i dag eigd av Arendal Kommune og regulert til friluftsområde. Navnet Friisøy kjem frå dei Friisiske øyer i Holland. Friisiske fartøyer kom og la til på Friisøya for oppkjøp av tømmer frå skogeigarane rundt Langansvassdraget opptil Austre Moland. Dette var rundt 1300-1400 talet.

Øya har ein svært rik og spanande historie med gruvedrift, vertshus, gårdsdrift og seglskutebygging. Vi kunne rusle rundt på øya på flotte turstiar tilrettelagt av Friisøyas venner.

Anders Henriksen Friisø som eigde øya frå 1856-1969 bygde i alt 30 seglskuter og 17 av desse blei bygd på Friisøya. Vi fekk sjå hustufter frå husa til skipsbyggaren og tufter der seglskutebygginga hadde foregått. Mykje av tømmeret til seglskutene kom frå Austre Moland via Langansvassdraget, og bøndene fekk ofte skipsparter i seglskutene.

Vi hadde ein hyggeleg matpause ved Frisøya Fyrlykt med utsikt over til Tromøya. Turen blei avslutta med takk til Per Edvard Andersen og ein trygg båtskyss tilbake til Bekkevika.