Oppsett av historiske skilt ved Fjellsgruva

Oppsett av historiske skilt ved Fjellsgruva

Publisert av Lilly Kristine Berland den 01.06.23. Oppdatert 14.06.23.

Ein liten dugnadsgjeng frå historielaget var 31. mai med på å montere skilt ved Fjellsgruva og Vannkonsta. Initativtakere til prosjektet var Grete og Nils Brekka. Skilta er montert i samråd med grunneigarane. Eit skilt blei montert ved sjølve gruva og to skilt ved Vannkonsta som viser eit pumpesystem til gruva drive av vasshjul.

I Fjellsgruva var det drift frå 1730-1860 og eigaren av gruva var Nes Verk. Her blei det tatt ut betydeleg mengde jernmalm som blei frakta med hest til jernverket på Nes Verk. Malmen var av god kvalitet. Gruva var svært vassjuk og for å pumpe vatn ut av gruva, blei det konstruert eit spesielt pumpeverk dreve av eit overfallsvannhjul og stangledning i tre. Konstruksjonen fekk namnet «vannkonsta».

For å sprenge i gruvene, brukte dei teknikken varmesetting. Bøndene i område måtte skaffe ved til varmesetting i gruvene, i tillegg måtte dei produsere kol til jernverket ved å bygge og brenne kolmile.