Årsmøte på Heimtun 28.febr

Årsmøte på Heimtun 28.febr

Publisert av Lilly Kristine Berland den 02.03.23.
Leiar Odd Thunes ønska velkommen til dei 47 frammøtte og styrte årsmøte med stødig hand. Årsmelding, budsjett og regnskap vart godkjent utan merknader. Leiar la fram ein omfattande aktivitetsplan for 2023 med mange arrangement både vår og haust. Nils Brekka presenterte valkomiteen si innstilling på ein humoristisk måte. Leiar og resten av styret fekk fornya tillit. Varamedlem Gerald Ottersland hadde bedt om avløsning etter mange år i styret og blei takka av, Anders Aaberg vart valgt som nytt varamedlem. Torjus Skjævestad blei takka for god jobb med den gamle heimesida gjennom mange år. Lilly Berland synte den nye heimesida og gjennomgjekk innhaldet på sida. Kvelden blei avslutta med mat, loddsal og ein god prat.